Siri Ø
Siri Ø
9/20/2026, 1:09:39 PM

Her er appellen min frå Trysil Pride; Eitt par fine ord om Trysil og oppmøtet, at det er ei liten plass nett som der eg veks opp utan at det var nokon pride der. Då eg vokste opp. Eg hugsar sjølv korleis det er å ikkje ha språket for å forstå seg sjølv, men å i det minste forstå at ein kanskje ikkje fell inn under den normen som den gong då var eitt premiss for å oppleve tryggleik. Eg veit korleis det er å forsøke å tilpasse seg, maskere og gå på akkord med seg sjølv for å få eitt snev av tilhøyrsle. Ein forsøker gjerne å gå i heilt motsatt retning i eitt slags krampetak. Litt fordi det er historia vi alle får høyre frå vi er to eplar høg- litt fordi det er forventa, litt fordi eg ikkje hadde kunnskap, representasjon og eitt skeivt samfunn rundt meg. Og er eg eigentleg skeiv nok? er eg eigentleg trans nok? Eg hugsar seine nattetimar der det ikkje er nokre lydar, der det ikkje er nokon måte å distrahere meg sjølv- der eg blir konfrontert med meg sjølv, og der eg forsøker å få vekk kløen, steinen i skoen som eg alltid har gått med. Som har gjort at eg har vore livredd for å bli gjennomskua, og har gjort at ein listar seg kor en enn går. For det eg ikkje forstår, og for skammen for det eg ikkje tør å plukke på. Ein forsøker å finne svar på nettet. Nokon seier det berre er ei fase, nokon seier det er ein mental sjukdom, nokon seier ein må vite at ein er fødd i feil kropp før ein kan gå. Ein språkleg forenkling av eigen sjølvforståing som ikkje legg til grunn kor vanskeleg det er å forstå seg sjølv i eitt samfunn som er besatt på å gje deg eitt slags kart og ein mal til å være vellykka. Gå på skule, få utdanning, få kjærast av eitt anna kjøn, kjøp bustad, gifte seg og få barn. Eg såg ikkje ut som dei få transpersonane eg såg i media. Eg hadde ikkje dei same interessene, det same uttrykket eller den same historia. Og då byrja eg å lure: Er eg for seint ute? Er eg trans nok? Og dessutan er eg ikkje “fødd i feil kropp”, det er ikkje noko galt med kroppen min, kroppen er ikkje feil. Kroppen er min. Eg er ikkje mentalt sjuk- Eg er berre utanfor den standarden det cis-heteronormative tvingar meg til å være. Eg har levd lenge nok til å vite fasen er med meg resten av livet Som det står i null hypothecis med c; Når du tilbringer nok tid sammen med skeive, snakker med hverandre, deler erfaringer, mimrer, forteller historier, klager over alle de irriterende tingene Ulvetimen gjer, setter ord på dine eigne opplevingar og lytter til deiras. Og finner de små stikkene av gjenkjennelse som endelig forsikrer deg om at det ikke var noe unikt ved din egen lille hjerne, byrjar du å sjå fellestrekk. Gjentakende temaer. Motiver. Visse historier som blir fortalt om igjen og om igjen gjennom livene våre med ulike sjangre, omgivelser og hovedpersoner, men uten at sjølve handlinga endrer seg. I dag bur eg i Oslo saman med partnaren min, og eg jobbar som blikkenslagar. Det høyrest kanskje heilt vanleg ut og det er nettopp poenget. Eg fekk ikkje eit nytt liv fordi eg blei ein annan. Eg fekk meir rom til å vere den eg alltid var. Vi er ikkje same og heilt like. Vi har ikkje same erfaringar, tryggleik, kroppar, kjærleikar eller høve. Pride er ein fest og eitt løfte om at ingen av oss skal måtte forhandle om retten til å vere trygge, synlege og heile menneske. Eg treng ikkje at alle forstår alt ved livet mitt. Men eg treng at dei respekterer at eg er her. At vi er her. Og at ingen av oss er frie før vi alle kan være fri. Mennesker har ingenting å tene på å bli reduserte til spaserande kjønnsorganar. Det som skjedde rundt Moss Pride minnar oss på at solidaritet er bærebjelken i den skeive rørsla. Når ryggmargsrefleksen til den skeive rørsla mobiliserast kan vi flytte fjell. Solidaritet er å seie at det ikkje finst nokon Pride utan transpersonar. Eitt fellesskap blir ikkje sterkare av å be nokon av oss om å være mindre seg sjølv, stille eller halde seg heime. Pride kan vere farleg. Vi veit det frå London Pub i Oslo. Vi veit det frå Berlin i sumar. Når skeive samlast i gatene, er det framleis nokon som meiner at synlegheita vår er ei provokasjon. At kjærleiken vår, kroppane våre og livene våre er noko ein kan true, hate eller angripe. Det er ikkje lenger overraskande når det skjer eitt angrep- Det er forventa. Ord blir til haldningar- haldningar blir til handlingar. Hundefløytar og ekstremisme får bein å gå på av politikarar og media som er med å normalisere og legitimere ekstremisme i eitt slags platt og kunnskapslaust forsøk i å “balansere”. Svaret vårt kan ikkje vere at vi blir mindre synlege. Svaret kan ikkje vere at transpersonar skal bli bedne om å tone seg ned, at lesbiske, homofile og bifile skal vere stille, eller at interkjønnpersonar, ikkjebinære, aseksuelle og alle andre skal vente på tur til å få høyre til. At enkelte delar av beveginga blir reduserte til parasittar, skadedyr og andre folkemordslege begrep. Vi må ivareta dei trygge romma vi har. Vi må respektere namn og pronomen, vi må gjere pride større enn frykten. For med kvart innlegg i avisa om at “det blir for mykje pride”- står det eitt barn og gret i skapet sitt, og ikkje vil tore å kome seg ut. Kvart innlegg om å “forhandle” om storleik og grupper- er aktivt med å ekskludere dei som ennå ikkje er trygg nok til å være seg sjølv. Så til dykk som framleis leitar etter språk for dykk sjølve: Dokker treng ikkje ha alle svara no. Dokker treng ikkje passe inn i nokon annan si forteljing. Dokker treng ikkje vere skeive nok, gullstjerne nok, trans nok, feminine nok, maskuline nok, modige nok eller synlege nok for å høyre til. Dokker høyrer til allereie. Og til alle som står her i dag: Ta vare på kvarandre. Ikkje berre når det er lett, ikkje berre når vi er samd, og ikkje berre når det er parade. Ta vare på kvarandre når det er kaldt, når nokon er redde, når nokon ikkje har orda enno, og når nokon prøver å dele oss opp. Det er ikkje Pride utan fargar. Og det er ikkje Pride utan solidaritet. Kampen fortsetter. Happy pride!

Want to write longer posts on Bluesky?

Create your own extended posts and share them seamlessly on Bluesky.

Create Your Post

This is a free tool. If you find it useful, please consider a donation to keep it alive! 💙

You can find the coffee icon in the bottom right corner.